OPERA NORDFJORD 04.10.2024
INVITASJON - PÅMELDINGSSKJEMA
Figaros Bryllup
Komisk opera i fire akter av Wolfgang Amadeus Mozart
Musikalsk leiing: Eva Holm Foosnæs
Regi: Ronald Rørvik
Scenografi: Plamena Dicheva
Kostymedesign: Anne Gotaas
Lysdesign: Ovar Holmen
Regiassistent/koreografi: Toni Herlofson
Maske: Hege Ramstad
Onsdag 2. oktober kan Opera Nordfjord ønskje velkomen til premieren på Figaros Bryllup av W.A. Mozart - knappe 22 år etter operaen sin første Figaro-premiere 16. oktober 2002. Den gongen – nokre månader før - hadde kostymedesignar Anne Gotaas og operasjef Kari køyrt Sverige på tvers for å kjøpe kostyme på kostymesal ved Kungliga Operan i Stockholm og sikra seg der eit billass med flotte og fargerike kostyme! I år er regien lagt til ei litt anna tid – eigentleg er det kanskje ei meir tidlaus framsyning – og definitivt i kjølvatnet av Me-too. Det visuelle uttrykket inspirert av av den burleske stilen frå Commedia dell’arte, så dei lange, vakre velourfrakkane frå barokktida er bytta ut med andre fargerike gevantar!
Solistlaget er spekka av «gamle» kjenningar, som har vore med på fleire opera-produksjonar tidlegare, og nye, unge talent, som vi gler oss til å bli kjende med:
Greven: Espen Langvik
Grevinna: Lydia Hoen Tjore
Figaro: Sakarias Tranvåg
Susanna: Vibeke Kristensen
Cherubino: Maia Reppe
Marcellina: Siv Oda Hagerupsen
Bartolo: Trond Gudevold
Basilo: Jan Erilk Fillan
Anotonio: Gunnar Andor Nieland
Curzio: Eivind Kandal
Barbarina: Louise Engeseth
Her finner du INVITASJON og PÅMELDINGSSKJEMA.